
Har vi råd til å la vere å prioritere kultur?
Gjennom kultur lærer barn å vere del av noko større enn seg sjølve. Dei lærer å stille opp for andre menneske.
Når ein kjem til Stad kommune, ein liten, fattig og langstrakt kommune heilt vest i landet, møter du kultur overalt.
Frå Selja kloster, eit av dei eldste kristne maktsentera vi har hatt i landet, til Sagastad og Myklebustskipet – eit av dei største vikingskipa som er funne. Ein møter Operahuset Nordfjord midt i Nordfjordeid sentrum, Norsk Fjordhestsenter, kulturskule, Sommarsymfonien, Malakoff-rockfestival, korps, ungdomslag, og eit kulturlandskap på Stadlandet som er forma gjennom tusenvis av år med menneskeleg aktivitet. Og mykje mykje meir levande i sogene våre, songane våre og humoren vår.
Det er eigentleg eit ganske merkeleg land vi bur i, når ein tenkjer over det. Ytst mot storhavet, i ein relativt liten kommune, har vi både klosterhistorie, vikingsoge, opera og internasjonal surfekultur side om side.
Og det seier kanskje noko viktig: Kultur oppstår ikkje berre i europeiske hovudstadar og økonomiske vekstsoner.
Kultur oppstår der menneske høyrer til.
Eg snakka for eit par veker sidan kort med Christian Ringnes om kultur i eit beredskapsperspektiv. Han høyrde på resonnementet mitt og svarte ganske enkelt: «Det var jo akkurat dette Winston Churchill sa».
Og eg svarte litt irritert at det er frykteleg frustrerande å tru ein har tenkt ein klok tanke – og så viser det seg at nokon har tenkt han før.
No er det rett nok historisk usikkert om Churchill faktisk sa akkurat det sitatet som vert brukt om kunst og krig. Men poenget står seg likevel. For Churchill sa noko anna som kanskje er vel så sterkt: at kunsten er avgjerande for eit fullverdig nasjonalt liv.
Kanskje seier det noko om tida vi lever i at desse tankane kjem tilbake no.
Verda er i endring. Det er større polarisering og aukande mistru mellom menneske. Behovet for dei grunnleggande verdiane som held samfunn saman har muligens ikkje vore større sidan krigen.
Difor meiner eg kultur må forståast som ein del av totalberedskapen.
For når vi snakkar om beredskap, snakkar vi ofte om materiell beredskap. Straum. Matforsyning. Forsvar. Cybertryggleik. Helsevesen.
Alt dette er avgjerande. Men vi må stille eit meir grunnleggande spørsmål:
Kva er det eigentleg vi skal forsvare?
For eit samfunn kan ha infrastruktur og likevel vere i oppløysing. Eit samfunn kan ha økonomi og samtidig mangle tillit. Det kan ha rikdom, men ingen oppleving av samanheng – no sense of coherence.
Kultur er noko av det som skaper denne opplevelsen av samanheng. Kultur byggjer identitet, fellesskap og tillit over tid. Det er det som gjer at eit «vi» eksisterer.
Og historia lærer oss kor viktig dette er.
Vi ser det i kolonialiseringshistoria over heile verda. Kulturimperialismen handla aldri berre om land eller ressursar. Han handla om å kontrollere menneske gjennom språk, religion, symbol og historie. Urfolk i Nord-Amerika fekk språka sine forbodne. Born vart tekne frå familiane sine for å «siviliserast».
Trump gjorde det – på vår vakt! På Grønland og i Sápmi kjenner vi att mykje av den same mekanismen. Norge og Danmark var ikkje betre.
Når stormakter eller autoritære regime ønskjer kontroll, går dei ofte etter kulturen først. Dei tek språket. Forteljingane. Historiebøkene. Kunsten. Det ein ler av, syng til og samlar seg rundt.
Og kvifor det?
Fordi kultur skaper identitet. Og identitet skaper motstandskraft.
Ukraina forsvarar ikkje berre territorium. Dei forsvarar språk, kultur og retten til å vere ukrainarar. Dei står og syng framfor Stortinget kvar einaste dag.
Totalberedskap handlar derfor ikkje berre om å overleve fysisk. Det handlar også om å halde fast på kven vi er når samfunnet vert sett under press.
Og her meiner eg kommunane har ei mykje viktigare rolle enn vi ofte snakkar om.
For kommunane forvaltar mykje av den kulturelle grunnmuren i landet.
Det er kommunane som held oppe kulturskulane, biblioteka og møteplassane. Det er kommunane som samarbeider med frivilligheita. Det er kommunane som sikrar arenaene der folk lærer å høyre til.
Dette er ikkje romantikk og nice to have. Det er førebygging.
Vi veit i dag mykje om samanhengen mellom kultur, psykisk helse og motstandskraft. Menneske som opplever tilhøyrsle og deltaking toler motgang betre. Dei står sterkare i uro og kriser. Dei har større sosial tryggleik rundt seg. Risikoen for utanforskap, radikalisering og alvorlege psykiske plager vert mindre når folk opplever meining og fellesskap.
Det er her kultur vert konkret beredskap.
For kva lærer eigentleg eit barn i korps? Kva lærer ungdom gjennom amatørteater, dans eller i eit bandmiljø?
Jo – dei lærer disiplin, samarbeid og meistring. Dei lærer å vere del av noko større enn seg sjølve. Dei lærer å stille opp for andre menneske.
Og kanskje viktigast: Dei lærer å kjenne at dei har ein plass i fellesskapet.
Det er ikkje sikkert vi alltid måler verdien av dette godt nok i offentlege budsjett. Men vi ser konsekvensane når det forsvinn.
For når øvingsromma vert stille, møteplassane forsvinn og frivilligheita vert svekka, mysser vi ikkje berre aktivitetar. Vi mysser sosial infrastruktur. Og sosial infrastruktur tek svært lang tid å bygge opp igjen.
Difor blir eg uroa når kultur framleis vert omtalt som noko mjukt. Som noko vi kan prioritere når alt anna er på plass.
For i urolege tider meiner eg kultur er hard infrastruktur.
Ikkje fordi alle må like det same. Tvert imot.
Eit sunt kulturliv skal vere mangfaldig. Det skal romme både opera og hardrock. Både tradisjon og nytenking. Både kystkultur og ungdomskultur.
Det er ikkje einskap som gjer demokrati sterke. Det er evna til å leve med forskjellar utan at samfunnet rivnar. Og nettopp derfor betyr kulturen så mykje.
Til slutt handlar dette eigentleg om eitt spørsmål:
Har vi råd til å la vere å prioritere kultur?
Forsvaret vernar grensene våre. Lovene vernar rettane våre.
Men kulturen vernar det som gjer at landet vårt kjennest som heime.
Og utan den kjensla – kva er det då vi eigentleg skal kjempe for?
Dette innlegget er en redigert versjon av talen Kvåle holdt for Norsk musikkråds årsmøte tidligere i sommer.