– Det betyr knapt nok noko kva kategori kunstutdanningane er plasserte i ⋆ Kontekst
Utsynsmeldingen
Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel forklarer departementets tallknusing i utsynsmeldingen i dette tilsvaret til kritikken fra Norges Musikkhøgskole og Creo. Foto:I offentlig eie
Kommentar

– Studenttalet bakover på dette detaljnivået er lite relevant for utforminga av politikken

Det betyr knapt nok noko kva kategori kunstutdanningane er plasserte i, skriv statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i dette tilsvaret.

• Dette er et tilsvar til NMHs funn av «betydelige feil» i regjeringens nye plan for høyere utdanning.

Først vil eg gje Kjetil Solvik og Noregs musikkhøgskole ros for den grundige analysen av kapasitetsauken i kunstutdanningane. Når departementet ikkje har analysert og presentert studenttalet bakover på dette detaljnivået korkje for kunstutdanningane eller andre utdanningar, er det fordi det er lite relevant for utforminga av politikken. Det sentrale i utsynsmeldinga er kvar det vil vere størst kompetansebehov framover. Der er meldinga klar: Framover trengst det framfor alt meir kompetanse for å fremje eit høgproduktivt næringsliv, for å sikre velferdsstaten og for å gjennomføre den grøne omstillinga. Det vil seie at veksten i utdanningskapasiteten kjem til å kome på desse felta framover. Kunstutdanningane kan saman med mange andre utdanningar ikkje rekne med vekst framover, men regjeringa har slett ikkje sagt at kunstutdanningane skal byggjast ned. Noreg og verda treng også framover gode musikarar, biletkunstnarar, skodespelarar, arkitektar og designarar. Her er kunstutdanningane i same båt som veldig mange andre utdanningar.

Kunstutdanningane er jamt over også i den heldige situasjonen at dei rekrutterer svært godt og ikkje har problem med å fylle opp studieplassane. Mange andre utdanningar og institusjonar er i den vanskelege situasjonen at studieplassane blir ståande tomme og det må kuttast. Det ligg såleis godt til rette for ein stabilitet i kunstutdanningane framover.

Konsekvensane av endringane i finansieringssystemet blir kraftig overdrivne av kritikarane. Det som har noko å seie for økonomien i institusjonane, er satsingar og kutt på dei årlege statsbudsjetta. Gjennom forenklinga av finansieringssystemet er kunstutdanningane no samla i same mellomkategori som lærarutdanningar, ingeniørutdanningar, sjukepleiarutdanningane, realfag m.m. Det stemmer at ein del kunstutdanningar vil få lågare sats ved tildeling til nye studieplassar. Dersom regjeringa og Stortinget finn ut at ein vil prioritere å auke kapasiteten på kunstutdanningane gjennom tildeling av nye studieplassar, må det vurderast om finansieringa er tilstrekkeleg for å oppnå det målet. Men både dei faktiske prioriteringane det siste tiåret og kompetansebehovet framover i utsynsmeldinga, tilseier at det ikkje er her den statleg finansierte kapasitetsauken vil kome.

Når det gjeld utteljing i det resultatbaserte finansieringssystemet, er kortversjonen at det knapt nok betyr noko kva kategori kunstutdanningane er plasserte i. KHiO er uansett utanfor systemet, så der er løyvinga den same uavhengig av kor mange studiepoeng som blir produserte frå år til år. For dei andre institusjonane blir det berre endring i løyvinga dersom studiepoengproduksjonen endrar seg frå året før. Satsen/kategorien blir med andre ord berre brukt på endringa. For å illustrere: Ved ei endring frå 100 studiepoengeiningar til 120 eller 80, vil satsen berre bli ganga med 20, ikkje med 120 eller 80 for å rekne ut endring i løyvinga. Ved same produksjon, er satsen altså uvesentleg og endringa null. Ved endring vil ein høg sats føre til større utteljing om produksjonen aukar, men også større nedtrekk om han går ned. Eit døme: NMH tapte 3,7 millionar kroner på 2023-budsjettet fordi studiepoengproduksjonen gjekk ein del ned frå 2021 til 2022. Dersom utdanningane hadde lege i ein lågare kategori enn B, hadde tapet blitt mindre. Høge satsar eksponerer altså institusjonane for større risiko.