«Ein er berre ikkje sjuk» ⋆ Kontekst
Foto: Privat

«Ein er berre ikkje sjuk»

MIN MENING: Det er uetisk å sende kunstnarar ut på skular for å formidle kultur til våre barn, utan å tilby dei eit sikkerheitsnett, skriv Hans Martin Austestad.

Eg kjem fram til hotellet i Mo i Rana utan stemme, med gul hoste og iskalde føter. Det er minus 20 grader ute. Det er onsdag, eg har allereie spelt tre skulekonsertar dagleg i tre dagar i denne tilstanden. Også heile førre veke. Dette sneik seg vel fram på turneen før der. Men eg har jobba. Ein er berre ikkje sjuk, fortel eg meg sjølv og legg meg under dyna på hotellrommet. Eg ringer produsenten for DKS-turneen eg er på, forklarer at eg må til legen. Eg blir møtt med full forståing og varme av min arbeidsgjevar, og det blir ordna slik at eg kan komme meg heim. Me avlyser to dagar inntil vidare, så eg kjem meg til legen for å sjekke meg. Heldigvis har eg teke på meg turneen som arbeidstakar, og blir behandla som ein. Eg har slutta å ta denne typen jobb som frilansar for lenge sidan. Ikkje kjennest det ut som eit frilansoppdrag, og ikkje er eg interessert i å sitje med risikoen for å bli sjuk for eiga rekning.

Eg drar til legen. Kraftig lungebetennelse.

– Kan eg vere på jobb mandag?

– Er du vanvittig? Sjukmelding i to veker!

Resterande få dagar av turneen vert avlyst. Eg har ingen jobb som ventar etter dei siste to turnédagane, så sjukmeldinga blir på to dagar i staden. Eg er sur. Eg klarte det nesten, men ikkje heilt.

• Les også: – Tariff og sykelønn er bytta ut med bransjestandard og inspirasjon

Ein er berre ikkje sjuk

Eg tenker på at 200 ungar går dagleg glipp av skulekonsertopplevinga dette halvåret på grunn av at eg ikkje klarer å vere på jobb. Det kjennest som ein straff for meg. For ein er jo berre ikkje sjuk! Sjølv når ein er sjuk, så er ein ikkje sjuk. Ein tygg Idoform, Paracet, drikk Cosylan, solbærekstrakt, kamillete. Alt som kan hjelpe der og då, så ein kan bli frisk.

Ein ligg innpakka i ull på kalde gymsal-tjukkaser i holet i veggen med augo igjen inntil det er klart til konsertstart. Så krummar ein nakken og leverer konserten med feber og snue. Det er kanskje berre åtte ungar på denne vesle skulen. Dess viktigare er det for meg at me gjør det me kan for å gje dei ei fin konsertoppleving. Ein er berre ikkje sjuk.

• Les også: Er det plass til Plopp i framtidas skolesekk?

Ein blir sjuk

Men ein blir sjuk. Ein er jo berre menneske. Og risikoen for sjukdom er stor når ein skal ut og møte 200 nye ungar kvar dag, på nye stader, rigge inn, varme opp, spele seg varm på konsert før ein skal ut på glattisen og rigge utstyret tilbake i Hiacen. Hiacen, som har defekt fjøring og ingen varmeanlegg. Medan ein endå er perlesvett på ryggen frå siste kornettsolo.

Tross alt dette går det stort sett bra. Og det er så uendelig god stemning, og ein fantastisk jobb å ha når alt går på skinner. Så lenge ein ikkje blir sjuk. Sjølvsagt. Så i staden for å vere sylta og forkjølt, kan ein seie «jeg føler at jeg har en osteklokke over hodet!» Så går det bra.

Ein er ikkje ute for eigen vinning når ein spelar skulekonsertar. Skulekonsertar gjer ein ikkje rik og berømt. Det vil aldri vere lukrativt, men det er ein dess meir meiningsfull måte å formidle musikk på i desse døgnfluepopulistiske drøvtyggetider.

• Les også: De yngste barna mister konserttilbud

Rikskonsertenes forsvinningsnummer får konsekvensar

Eg drar på eit slags «hemmeleg møte» på Rikskonsertene (RK) for å snakke om helseutfordringar på turné. Blir møtt med opne armar, og tatt på det største alvor. Har RK nokre ordningar med fysioterapi, spesialister eller psykologar som ein kan gå til med utfordringar som ein støyter på der ute? Nei, dessverre. Det finnest ingen slike ordningar. Men det vert bekrefta at eg slett ikkje er den første som opplever utfordringar med å bli sjuk på turné.

Det vert konkludert med at det kanskje burde vore slike ordningar, men det ligg ikkje akkurat på agendaen. RK skal jo avviklast.

Berre synd at dei nye utfordringane for oss arbeidstakarar har blitt så basale at dei handlar om vi i det heile skal ha sjukelønn og ansiennitet. Me kan ikkje lenger snakke om betringar av skulekonsertordninga. Diskusjonen handlar mest om å ikkje gjere ho dårlegare. Politisk fiasko, med andre ord.

• Les også: Internasjonal pris til skoleforestilling

Det er uetisk

Då eg var sjuk, hadde eg i det minste ein sentral og større arbeidsgjevar å gå til for å snakke om korleis arbeidssituasjonen kunne betrast. Den tid er no forbi. Dette får direkte konsekvensar for dei som er ute og jobbar i Skulesekken.

Kulturtanken har eg ikkje snakka med i det heile om min jobb, dei er kanskje mest opptekne av å få iPad-kunst inn i heilskapstilbodet, no som dei ikkje har å gjere med oss kunstnarar som arbeidstakarar og menneske lenger. Eg snakkar framleis med arbeidsgjevarane i fylka. Men dei kan ikkje hjelpe meg over fylkesgrensene.

Dette er bakteppet for mi påstand: Det er uetisk å sende kunstnarar ut på skular for å formidle kultur til våre barn, utan å tilby eit nøkternt sikkerheitsnett til dette sosialdemokratiske prosjektet me kallar Den kulturelle skolesekken (DKS). Og det er uetisk å fjerne rammene for kontinuitet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar.

• Les også: Kvalitetsarbeidet har svært ulike kår i kommunene

Betre sjukelønn

Eg meiner sjukelønnsordninga må ta omsyn til arbeidsforma. Ein skal ikkje måtte jobbe fire veker for å få rett på sjukelønn, slik folketrygdlova fungerer for fast tilsette. Denne regelen samsvarer ikkje med realiteten for kulturarbeidarar i DKS. Me har ingen fast jobb.

I dette yrket turnerer ein ei veke her, ei veke der, på tvers av fylkesgrenser. Då er det også uetisk å desentralisere arbeidsgjevaransvaret utan å skape ei ramme for arbeidarane.

Sjukelønnsordning for kulturarbeidarar er ikkje, og har aldri vore, til for å ta ut eigenmelding når ein klør i halsen. Ho er til for at ein skal kunne vere menneske på turné, og ha moglegheit til å verte sjuk utan å ta heile risikoen på eiga hand. Og når eg skriv sjuk, så meiner eg sjuk – på den måten eg starta innlegget på. Arbeidsmoralen blant kulturarbeidarar er skyhøg, ein blir berre ikkje sjuk.

• Les også: Kulturtanken svarer om valg og framtidsutsikter

Når kjem forhandlingane i gang?

Til sommaren går avtalen mellom MFO og Rikskonsertene ut. Avtala gjekk for så vidt ut i fjor sommar, men kunstnaroppropet førte til at den vart forlenga eitt år.

Sommaren 2018 er det større alvor. I dag tek produksjonar imot tilbod om skuleturnear i 2018/19. Dei som får tilbod får beskjed om at lønn og rammevilkår for avtalen vil bli slik det står til når tida er inne. Ingen garantiar om ein oppdatert, regulert avtale. Og ingen veit enno når forhandlingane kjem i gang. Det er usikkert om noko er klart innan sommaren. KS skal forhandle på vegne av kommunane. Men dei er eit veldig stort, tregt og byråkratisk organ.

• Les også: MFO arbeider for å sikre musikerjobber i Kulturtanken

Kven har ansvaret no?

Så kven har ansvaret for at oppdaterte rammevilkår skal vere på plass sommaren 2018? Alle teikn peiker ein veg: Arbeidsgjevarane. Men her er det noko som skurrar. Dei nye arbeidsgjevarane – fylka og kommunane – er også dei som legg turnéplanar utan å tilby nokon lønnsgaranti. Eg tør å gå så langt som å påstå at dei nye arbeidsgjevarane ikkje har akseptert den nye situasjonen heilt og fullt – fordi dei ikkje tek på seg fullt ansvar for at kulturarbeidarar skal ha ei regulert avtale å halde seg til.

Eg veit at det er gode folk der ute, og kjenner fleire. Eg veit at dei jobbar hardt, og brenn for kultur i skulen. Eg er ergra på deira vegne også. Men ergringa over ekstraarbeidet skal med rette rettast direkte opp til Kulturdepartementet, som eigentleg skulle av-byråkratisere og effektivisere. Politisk fiasko.

• Les også: Mageplask i Kulturtanken og Ikke glem fylkene, Rian!

Slå dykk saman og mas på KS!

Det er på tide at alle arbeidsgjevarane for 18/19 tek situasjonen inn over seg og legg til rette for at forhandlingane blir gjort i god tid før sommaren. Les: Slå dykk saman og mas på KS!

Forhandlingsjobben må gjerast no, og den skal ikkje gå ut over oss kulturarbeidarar på golvet, og den skal aller minst gå ut over ungane.

Eg vil gjerne dele ut klemmar til ungar som kjem og spør meg, eg vil handhelse og high-five, komme tett på. Eg vil at arbeidsgjevarane mine også skal ville dette, og gje meg og mine kollegaer handlingsrom til å vere medmenneske på jobb. Mellom anna ved å gje oss heilt nøkterne sjukelønnsvilkår viss eg high fiver på meg eit norovirus.

Det burde vore ein sjølvfølgje, og det var ein sjølvfølgje, før den indigo regjeringa kom til makta.

Hans Martin Austestad, musikar