Ei tale til årets studentar i improvisert musikk ⋆ Kontekst
Victoria Jazzscene i Oslo
Victoria nasjonal jazzscene: Eksamenskonserter i improvisert musikk ble avholdt her. «Det er heilt spesielle fellesskap som trer fram», skriver artikkelforfatteren om eksamenskonsertene. Foto:Stig Jensen
Kronikk

Ei tale til årets studentar i improvisert musikk

– Hugs på dei som står på gangen og vil inn.

Avslutningskonsertane som markerer at bachelor-graden i jazz, improvisert og groovebasert musikk (JIG) er oppnådd arrangerast gjerne som «eksamensfestivalar» på ein dertil egna klubbscene rundt om i byane som tilbyr utdanningar i desse musikksjangrane.

For jazz/pop/rock/impro-studentane ved Norges Musikkhøgskole skjer det på Victoria Nasjonal Jazzscene i Oslo, i Trondheim på Dokkhuset, og for dei rytmiske studentane i Tromsø føregår dette på utestaden Driv, for berre å nemne nokre.

Desse eksamensfestivalane etter endt JIG-utdanning har eit karakteristisk trekk til felles. For ein utanforståande er det ikkje lett å sjå kven som har eksamen til ei kvar tid, der studentane veksler mellom å springe opp og ned av scenen som medmusikantar i kvarandre sine band, eller sitte i salen som deltakarar i det som opplevast som svært lydkraftige, applauderande støttegrupper. Det er heilt spesielle fellesskap som trer fram.

«Dette er ikkje ein eksamen» seier Erling Aksdal, leiar ved jazzlinja i Trondheim, som introduksjon til konserten til dottera mi på Dokkhuset. «Her er det ingen som får karakter eller som stryk. Dette er ein fest og ei feiring! Sånn må vi ha det for at dei musikarane de snart skal få høyre skal våge å sleppe seg laus og kome ut med sitt uttrykk.» Han har pugga navna til alle foreldra som sitt i salen, med mobilkamera sine klare og blomsterbuketten i fanget: «No er mamma Elin og pappa Vidar på plass, og tante Irene! Då kan konserten begynne». Ein av studentane nemner også mamma og pappa særskilt i sin takketale før siste låt: «Takk for at de kjøpte trommesett til meg, og faktisk lot meg øve på det inne i huset!». Same student fortel at første gong ho søkte om plass på utdanninga hadde ho enno ikkje «oppdaga» 12/8-delsgroovar: «Sånn var det då. Og no sitt eg her!»

Individuelle utviklingsbaner

Ved eit sånt høve fell det jo naturleg å tenke tilbake på den personlege banen som har ført dei til den plassen på scenen akkurat i kveld. Alle hendingar og møter gjennom oppveksten, dei vi ofte i retrospekt kan oppleve som sentrale «punkt» som lagar ei meir eller mindre rett vertikal utviklingslinje; musikalske høgdepunktsopplevingar som inspirerte deg, tilgong til ressursar som ga deg moglegheiter, og erfaringar der du lærte noko nytt. Alle «personar i skyggen», som foreldre, søsken og lærarar du har møtt som har mint deg på å øve, køyrt deg på korpsøving, kjøpt trommesett til deg, eller spurt deg om å opptre på skoleavslutninga i 6. klasse. Tante Irene som alltid stiller på kulturskolekonsertane. Som mor sitt eg i salen og tenker tilbake på korleis barnehageungen satt i baksetet og inkorporerte leadvokalen til Aretha Franklin og korestemmene til ein heilt ny og eige melodi på «Baby, I love you», til CD-en vi alltid spelte i bilen.

Men musikalsk utvikling har ikkje berre ein vertikal dimensjon i form av individuelle læringsbaner. Om vi berre leiter etter å få syn på enkeltståande punkt i ein vertikal akse, er det lett å oversjå den horisontale dimensjonen: dei sosiale omstendene, fellesskapa som har vore rundt deg, som du har lært i, som har gitt deg anerkjenning på at dine musikalske bidrag er bra og verdifulle, fellesskapa som gir deg ei gruppe å vere heime i, og som hoiar og klappar når det er din tur i eksamensilden. «A chosen family», som det heiter i songen.

Å spele på andre sin kompetanse

Men det kanskje aller mest slåande ved det fellesskapet vi kan observere på eksamensarenaer som Victoria i Oslo og Dokkhuset i Trondheim, er kor innvevd den enkelte studenten si musikalske utøving er i dei andre si musikalske utøving. Korleis fellesskapet er ein ressursbank, der kvart konsertprogram handlar om korleis eksamenskandidaten har instrumentert sitt musikalske uttrykk med medstudentar; ikkje berre med den spesifikke instrumentkonstellasjonen i det enkelte bandet; hen har instrumentert med medstudentane sine musikalske uttrykk og personlegheiter, og med sosiale relasjonar studentane seg i mellom. Alle desse dimensjonane verkar saman for å få skapt og utført den musikken som kjem frå scenen. Den britiske utdanningsforskaren Ann Edwards skriv om korleis det er ein essensiell og heilt eige kompetanse å kunne bruke andre personar som ressursar, at det å vere i stand til å finne, anerkjenne og spele på andre sin kompetanse er ein kompetanse i seg sjølv, formulert som «knowing how to know who». Dette er ikkje noko nytt i jazz, improvisert og groovebasert musikk. Tvert om har den sosiale og kollektive dimensjonen ved musikkutøving alltid vore eit kulturelt særtrekk ved desse sjangerområda. Men det kollektive fungerer berre når individuelle stemmer får rom til å uttrykke sin identitet, og etablerer eit kommuniktivt samband til dei andre gjennom dei improviserte musikalske vala kvar enkelt gjer i den musikalske augneblinken. Dette er kanskje noko av det viktigaste JIG-utdanning kan tilby studentar: å lære å danne og vedlikehalde musikalsk og sosialt instrumenterte fellesskap. Og dette er faktisk noko andre musikkulturar og musikkutdanningar kan lære av JIG-praksisar.

Alle treng eit fellesskap

Men vi skal ikkje ta fellesskap for gitt. Det er ingen naturlov at alle automatisk er (like) inkluderte, sjølv i musikkulturar der det kollektive er ein bærebjelke. Ikkje alle studentar kjenner seg like mykje akseptert eller tatt opp i fellesskapet. Vi veit frå historisk jazzforsking at til tross for at musikkformen primært har vore ein svart amerikansk musikkform, så har ofte marknaden og historieskrivinga gitt forrang til kvite jazzmusikarar. Jazz er også framleis ein ekstremt maskulint dominert sjanger, der historieskriving og journalistikk ofte har utviska kvinnelege utøvarar eller minimert deira bidrag til historia. Dette gjenspeglar seg i kjønnsfordelinga bland søkarar til høgare jazzutdanning, og korleis jenter og ikkje-binære ofte opplever seg marginaliserte i utdanninga.

Ein gong var eg invitert til å snakke om inkludering for ei gruppe elevar i improvisasjon ved ei musikklinje i Oslo. Temaet trigga diskusjonar bland elevane, og vi gjekk langt over tida. Utanfor klasserommet sto eit rockeband som hadde booka rommet, og venta på å kome inn. Læraren som hadde invitert meg avslutta økta vår med å seie: «Kanskje den aller viktigaste lærdommen frå dette er at når du sjølv er innanfor, har du eit ansvar for å tenke på dei som står på gangen og vil inn.» For ein perfekt analogi!

Det privilegiet det er å oppleve fellesskap, gir alle som er innanfor fellesskapet eit ansvar for å aktivt sjå etter kven som ikkje opplever det, invitere dei inn og anerkjenne dei ressursane dei har. Alle treng eit fellesskap, og alle trengs i det. I eit godt samfunn instrumenterer vi fellesskap så alle får spele.