Kva skjer med scenekunstfeltet når nesten ni av ti får avslag på fleirårig støtte? ⋆ Kontekst
Verdensteatret mistet offentlig støtte, og la ned tidligere i år. Her fra forestillingen Flat Sun. Foto:Verdensteatret
Meninger

Kva skjer med scenekunstfeltet når nesten ni av ti får avslag på fleirårig støtte?

Det er ikkje aktiv kulturpolitikk å sitje med hendene i fanget og vente på at fleire kunstnarskap forsvinn.

Årets kulturbudsjett er rekordstort. Samstundes får nesten ni av ti søkjarar avslag på fleirårig støtte til scenekunst. Kva gjer vi når kompani i verdsklasse må leggje ned på grunn av manglande støtte, medan kulturbudsjettet er større enn nokon gong?

Målet er ikkje at alle som søkjer skal få støtte. Men med ein avslagsprosent på om lag 90 prosent må vi spørje oss om rammene har kapasitet til å ta vare på eit profesjonelt scenekunstfelt i stadig utvikling. Når rammene er så smale, risikerer vi å miste etablerte kunstnarskap med lang erfaring, samstundes som nye aktørar ikkje får moglegheita til å utvikle seg. Resultatet kan raskt bli eit mindre mangfaldig scenekunstfelt og eit svakare økosystem.

Vi mistar ikkje berre viktige kompani, men nødvendig infrastruktur

Når berre 1 av 16 søkjarar får støtte gjennom ordninga for etablerte verksemder, risikerer vi å miste viktige aktørar, slik vi no ser med Verdensteatret. Kompaniet er i verdsklasse, men må avvikle fordi den nødvendige støtta ikkje strekk til. Når vegen frå langsiktig støtte til nedlegging er så brå, sender det eit tydeleg signal om at noko må gjerast.

Etablerte kompani er meir enn produsentar av framsyningar. Dei er arbeidsgivarar, kompetansemiljø og samarbeidspartnarar for programmerande scener, festivalar og andre kunstnarar. Dei byggjer nettverk nasjonalt og internasjonalt og bidreg til at scenekunst blir produsert og vist i heile landet.

Når eit etablert kompani blir lagt ned, mistar vi difor ikkje berre framsyningane dei kunne ha skapt, men også kompetanse, nettverk og samarbeid som har teke fleire tiår å byggje opp. Dette er ein del av infrastrukturen i scenekunstfeltet som ikkje utan vidare kan erstattast.

Stabil og styrkt fleirårig støtte gir meir rom for kunst

Fleirårig støtte er viktig for at fri scenekunst skal kunne leve vidare etter premieren. Rapporten Mobilisering for mobilitet (Kulturdirektoratet og Telemarksforsking, 2022) viser kor viktig slik støtte er for visning og turnéverksemd. Ho legg til rette for kompetansebygging, samarbeid og planlegging av turnear, og gir meir stabilitet og dermed større rom for kunstnarleg arbeid.

Det er difor kritisk at avslagsprosenten på ordninga «Scenekunst – kunstnerskap» i 2026 var på 88 prosent. Same år var avslagsprosenten for «Scenekunst – etablerte virksomheter» på heile 94 prosent.

Kunstnarar skal ikkje måtte vere poteter. Men i det frie scenekunstfeltet må ein ofte fylle ei rekkje roller på same tid. Kunstnarar er både marknadsførarar, økonomiansvarlege, koreografar, leiarar, utøvarar og administratorar. Når stadig meir tid går med til å søkje finansiering og administrere kortvarige prosjekt, blir det mindre kapasitet til å skape kunst og byggje kunstnarskap over tid. Stabil og styrkt fleirårig støtte handlar difor ikkje berre om økonomisk tryggleik. Det handlar om å frigjere tid og kapasitet, slik at kunstnarar i større grad kan få vere kunstnarar.

Budsjettforhandlingane må gi rom for meir scenekunst

Det tek år å byggje opp kunstnarleg kompetanse og nettverk, men langt kortare tid å rive det same ned. Difor må dei langsiktige finansieringsordningane styrkjast utover ordinær pris- og lønnsjustering.

I sitt alternative statsbudsjett foreslår SV å auke løyvingane til scenekunstordningane i Norsk kulturfond med 15 millionar kroner og en økning på post 75. Det er eit viktig forslag for eit felt som treng meir føreseielege rammer. No håpar vi at dei andre partia i budsjettforhandlingane blir med på å bane veg for ei langsiktig styrking av det frie scenekunstfeltet.

Men vi treng også ein meir heilskapleg kulturpolitikk. Den siste stortingsmeldinga om scenekunst kom i 2008, og mykje har endra seg sidan den gong. Ei ny scenekunstmelding må ta utgangspunkt i dagens situasjon og leggje ein plan for korleis finansiering, produksjon, visning og turnéverksemd skal verke saman og byggje opp om kvarandre.

Vi kan likevel ikkje vente på ei ny scenekunstmelding medan fleire etablerte kompani blir lagde ned. Det er ikkje aktiv kulturpolitikk å sitje med hendene i fanget og vente på at fleire kunstnarskap forsvinn før vi tek stilling til kva slags infrastruktur det frie feltet treng.

Budsjettforhandlingane gir politikarane ei konkret moglegheit til å handle no. Det er ikkje nok å støtte kunsten som blir skapt i dag. Vi må også sikre at kunstnarskapa har høve til å skape scenekunst i morgon.