Spring, Erlend, spring! ⋆ Kontekst
Foto: Marte Bjerke

Spring, Erlend, spring!

Erlend Apneseth har alltid hatt ei kjensle av å ha dårleg tid.

Ein ungfole kjem ned den snødekte bakken. Lett i steget. Sol i panna. Det er éin dag til regjeringa skal erklære koronakrise og stengje ned Noreg. Men her i åsane over Ål kan ikkje verda trengje inn.

– Då vi fann denne staden, tenkte vi at her kunne vi vere fornøgd med å bu i telt om vi må, seier Erlend Apneseth og ser ut på det opne landskapet, snøen som ligg mjuk over fjella på andre sida av dalen, den klare himmelen – eit nasjonalromantisk snapshot som skapt for Instagram. Men Erlend har knottetelefon.

Å flytta eit hus frå Jølster til Ål

Ein handverkar trampar inn i underetasjen med store sko. Vi er i eit ambisiøst restaureringsprosjekt av ein gamal gard. Forhåpentleg blir det ferdig før babyen kjem til sommaren.

I lag med kona, folkedansar Margit Myhr, har Erlend flytta eit hus frå Jølster der han kjem frå, til Ål der kona kjem frå. No er dei to lappa saman. Ja, husa altså.

– Det er det huset som sto på nabotomta der eg vaks opp, seier han og peker mot eine enden av gardskonstruksjonen.

– Du er oppteken av arkitektur?

– Nei, eigentleg ikkje i den forstand, seier Erlend med eit skjeivt smil.

– Men eg vaks opp i eit hus som dette, og innser jo at eg held på med akkurat det same som foreldra mine gjorde.

Foto: Marte Bjerke

Ein outsidar frå Myanmar

Den prisa og kritikarroste komponisten og hardingfelespelaren har ikkje folkemusikken i DNA-et. Han snubla inn i det via ei asiaprodusert barnefele, brakt i hus av ein far som i mange år var utanlandsfotograf for Bergens Tidende.

– Sjå her, seier Erlend og hektar ei lita fele ned frå veggen.

Han spelar litt, og ja, det let som ei asiafele òg. Kjem du inn i det norske folkemusikkmiljøet med eit instrument frå Myanmar, kjem den opne haldninga til tradisjonen nærast naturleg.

– Eg har nok kjent på ein eigen veg tidleg, sjølv om eg har spelt tradisjonelt lenge, seier han.

– Eg trur eg alltid har følt meg fri frå forventningar. Hardingfele er nok eit instrument det er knytt ein del forventningar til, når det kjem til det tradisjonelle spelet og korleis det skal låte.

– Eg har aldri kjent på det å vere ung og udødeleg

Musikken til Erlend er som landskapet vi ser ut på – open. Den er ein stad du aldri har vore, men som likevel kjennest heime. Norske fjell som stuper ned langs gnissande toglinjer og endar på ei varm slette i Asia ein plass. Eller som Erlend sjølv ville ha formulert det «å få noko heilt oppå fjellet til å funke med noko som er langt nede i ein kjellar i Berlin.» Men å setje ord på eigen musikk er noko han eigentleg ikkje gjer. Sånt får kritikarane ta seg av, og det har dei gjort godt, synest Erlend.

– Eg føler meg nok veldig sett, ja. No vart det ganske mykje på ein gong med den siste plata, Fragmentarium, men eg trur mange av kritikarane har følgt meg gjennom ein prosess og gradvis blitt kjent med uttrykket mitt, og kanskje difor forstår det endå betre.

Erlend har også gradvis blitt kjent med uttrykket sitt – avstanden frå soloslåttane på debutplata til den eksperimentelle sisteplata Fragmentarium er stor. Ein maraton i sprintfart. Det er kanskje på tide å setje seg ned og kvile litt? Sjå tilbake på distansen han har sprunge. Seks plater, ein blodfersk spellemann-statuett og ein drøss med prisar.

– Eg har kjent på dårleg tid. I livet, liksom. Sjølv om eg skjønnar at eg ikkje har det, eg er ung og alt sånt. Men det er nok meir ei kjensle hjå meg. Eg har aldri kjent på det å vere ung og udødeleg, som så mange snakkar om. Det kjenner eg meg ikkje igjen i. Nei, eg har ikkje ein sånn flyt.

Erlend på heimekontoret. Han har mange idear, men brukar lang tid på å gjere seg ferdig.
Erlend på heimekontoret. Han har mange idear, men brukar lang tid på å gjere seg ferdig. Foto: Marte Bjerke

– Ein tenkjer at ting er så lett for folk

Rastløysa kan ikkje sjåast utanpå. Visst er han kvikk og lett i steget, men det ligg ein ro over måten han pratar på, over pausane og refleksjonen før noko kjem. Men verda er ikkje alltid som ho ser ut, minner Erlend om.

– Det er ein slags sånn greie at ein tenkjer at ting er så lett for folk. Det kan sjå ut som eg har sjølvkontroll, men det betyr ikkje at ting er enkelt for meg. Og det å lukkast med ting, betyr heller ikkje at det er enkelt. Kanskje er det motsett: Kanskje ein ikkje lukkast så godt om ein flaksar gjennom. Eg har fått mykje prisar for eksempel, som er ein flott ting, men det er jo ikkje noko ein byggjer sjølvbiletet sitt på. Ein bør iallfall ikkje det. Og då held ein seg nøktern. Iallfall eg.

Nøkternt er ikkje eit ord for å beskrive dette husprosjektet. Kanskje heller dumdristig. Vel, vi kjem tilbake til det, for no blir lyden frå handverkaren i underetasjen så høg at vi må finne oss ein annan stad for resten av samtalen. Og heldigvis har Erlend ei skrivestue rett oppi bakken her, på tunet til hovudhuset.

Foto: Peter Purgar

Stopp i tide!

Vi følgjer stien i snøen opptrakka av Erlend sine sko, eit par nedtrakka Nike-sneakers.

– Det er godt å kunne gå ut av huset for å gå på jobb, seier han i lett trav mot den vesle hytta i solsteiken.

Her øver han, skriv, planlegg, alt slikt som må til for å få eit prosjekt på beina.

Erlend har aldri opplevd idétørke, dei musikalske innfalla er mange. Utfordringa ligg i å strukturere, gjere seg ferdig.

– Om eg skulle følgt alle innfall, så hadde eg drive det for langt. Eg hadde sete for lenge, seier han, og trekk fram ein liten fjellvettregel for eige arbeid: Ein må stoppe i tide.

– Elles ender eg berre opp med å bruke opp energi, og då blir ikkje dei neste dagane så produktive.

Han har øvd seg på å vere nøgd, øvd seg på å akseptere at ein kanskje ikkje kan skape noko kvar einaste dag.

– Det krev ein litt annan mann enn meg eigentleg

På furuveggane i skrivestua heng utmerkingar, bilete og plakatar frå prosjekt han har vore med på. Menneska Erlend vel å samarbeide med betyr mykje for den musikalske retninga han tar. Lyden av hardingfela er konstant, det er konteksten ho vert sett i som skiftar. Erlend likar å stille seg på usikker grunn. Den han står på no til dømes, har han grave ut og bygd opp til å bli noko han kan ferdast på.

– Det her har jo vore eit litt sånn galskapsprosjekt, seier han.

– Som krev ein litt annan mann enn meg eigentleg. Men eg har gjort det likevel.

Garden i åssida hadde verken innlagt straum eller vatn då Erlend og Margit kjøpte han i 2014, eitt år etter at Erlend ga ut debutplata. Karrieren og husa er bygd parallelt. Han har grave seg ein halv meter ned i bakken under golvet vi står på, rive veggar og tak. Og øydelagt felefingrane.

– Eg brann meg på det for eit par år sidan. Muskulaturen ga seg etter litt for mykje arbeid. Eg mista styrken i dei to fingrane her, seier han og viser fram ringfingeren og veslefingeren på venstrehanda.

– Då eg skulle presse dei ned, tålte dei ingenting. Eg måtte gå for halv maskin eit halvt år, og så gjekk det over.

I dag er han glad dei var tidleg i 20-åra då dei kjøpte staden, at dei ikkje visste kva dei gjekk til.

– Det kjenner eg at eg har fått mykje ut av – det å sette seg i ein litt vanskeleg situasjon, som ein samtidig kjenner er rett. Sånn som å kjøpe ein plass utan straum og kloakk, vi måtte berre fikse det. Og da gjer ein det. Om vi hadde tenkt, rekna, laga store planar, då hadde vi kanskje berre droppa det, og då hadde det blitt ein heilt annan story. Og det likar eg musikalsk også – det er lettast å jobbe med dei ein kjenner, men det er veldig gjevande å jobbe med folk som utfordrar deg på nye måtar.

Erlend Apneseth Trio
Erlend Apneseth Trio Foto: Petter Sandell

– Blir eg ein 40-50-åring som har stagnert?

Dei faste makkerane i Erlend Apneseth Trio er heller ikkje valt for å gjere livet enkelt, det er motstanden mellom dei tre – Erlend, Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidell – som gjer samarbeidet interessant. Den musikalske avstanden er det som skapar identiteten til bandet, som i år fekk Spellemannprisen i open klasse for plata Salika, Molika, i samspel med Frode Haltli.

– Trioen er eit band med ein trong fødsel. Vi kjem frå veldig forskjellige verder, men nett difor trur eg det er eit band som har ei framtid, fordi vi alltid er i endring. Dei to andre kanskje endå meir enn meg. Dei er enormt nysgjerrige folk.

– Moglegheita for å stagnere er kanskje mindre òg, når ein er i konstant bevegelse?

– Ja, men eg lurer på om eg blir ein sånn 40-50-åring som har stagnert? Det er ikkje godt å vite. Eg veit om mange musikarar som er supernysgjerrige, men som likevel er fanga i ein estetikk som kanskje ikkje kjennest heilt relevant lengre, og det er litt interessant at det blir sånn, seier Erlend tenksamt.

– Kanskje estetikk er ein generasjonsgreie, og spørsmålet er om estetikken min i framtida høyrer heime ein annan plass, eller om ein klarer å halde seg relevant på det reint estetiske eller lydmessige. Eg trur det som resonnerer med Salika, Molika, årsaken til at den plata har nådd så breitt ut, er at ho kjennest relevant. Estetisk kan ein ikkje plassere ho i ein kjend kontekst. Stephan og Øyvind er veldig spesifikke på slikt og veldig interessert i musikalsk estetikk. Det er nesten synd vi heiter Erlend Apneseth Trio… Ha ha ha!

Pønkfela: – Denne er litt meir pønkete og toler ein trøkk, seier Erlend om fela han fekk til konfirmasjonen. Han brukar ho fortsatt – ei ombygd kinafele, utsmykka av avisteiknaren Marvin Halleraker.
Pønkfela: – Denne er litt meir pønkete og toler ein trøkk, seier Erlend om fela han fekk til konfirmasjonen. Han brukar ho fortsatt – ei ombygd kinafele, utsmykka av avisteiknaren Marvin Halleraker. Foto: Marte Bjerke

– Ho er litt pønkete og toler ein trøkk

Sola står inn gjennom vindauga og varmar opp den vesle trehytta. På innsida av solveggen heng felene Erlend spelar på. Sterke personlegdomar alle tre; ei fin hardingfrue på lån frå Dextra Musica, ei meir tradisjonell ei, og så den rypa lengst ut der då – tatovert over heile kroppen, ikkje redd for å skilje seg ut. Erlend plukkar ho ned frå veggen.

– Det her er fela som eg fekk av foreldra mine til konfirmasjonen, seier han.

Dei tre felene Erlend spelar på i dag. Ytst er eit futteral han har fått av ein hemmeleg fan.
Dei tre felene Erlend spelar på i dag. Ytst er eit futteral han har fått av ein hemmeleg fan. Foto: Marte Bjerke

Tradisjonen med asiafeler har stått ved lag hjå familien Apneseth. Hardingfela han no held mellom hendene er ein kinavarinat som er bygd om og utsmykka av avisteiknaren Marvin Halleraker, spesielt for Erlend.

– Eg fekk instrumentet som 14-15-åring, og det innbyr til litt meir herjing kanskje. Ein får ikkje lyst til å bælje laus på den der, seier han og peker mot Dextra-fela på veggen.

– Denne er litt meir pønkete og toler ein trøkk.

Han plasserer fela på fanget som ein gitar. Fortsatt er det dette instrumentet han brukar mest. Utforskartrongen og rastløysa er nemlig drivande, ikkje berre i livet, men også i Erlend sin omgang med fela. Han finn stadig nye måtar å nytte ho på, og stel teknikkar frå andre instrument, som til dømes gitaren. Eller han riv brutalt i strengane, så det høyres ut som ei harpe. Med tida har han turt å gå lengre, blitt meir ekstrem.

– Det har vore ein nøkkel for meg, improvisatorisk, men også det at eg kan ta veldig ulike roller. Det treng ikkje låte så hardingfeleaktig, og då kan ein kanskje blende inn på ein annan måte i annan type musikk, forklarar han.

For ein som har kjensla av å ha dårleg tid, er det tilfredsstillande å sjå konkrete resultat av arbeidet ein har nedlagt – eit hus, eit album. Og sjølv om Erlend helst er i jamt driv vidare, set han oppriktig pris på å sjå tilbake på dei fysiske bevisa han har etterlate seg i verda.

– Det er veldig gjevande for meg å gje ut plate av den grunn, at ein føler at ein klarer å få ut litt av det som rører seg i toppen på ein – gjevande på ein veldig intens måte. Og slik er det med desse husa òg – å skape eit eller anna bestandig, som vi no kan fylle noko i.

Erlend Apneseth

• F. 1990, frå Jølster. Hardingfelespelar og komponist. Hovudprosjektet er Erlend Apneseth Trio. Bur i Ål med folkedansar og scenekunstnar Margit Myhr.

• Soloplata

Blikkspor

kom i 2013, eit resultat av Grappas debutantpris.

• Har skrive fleire bestillingsverk, blant anna

Fragmentarium

til Kongsberg jazzfestival i 2019. Prosjektet blei utgitt på plate i 2020.

• Fekk Spellemannprisen 2019 i open klasse for albumet

Salika, Molika

med Erlend Apneseth Trio og Frode Haltli.

• Har fått ein rekke prisar for musikken sin.

• Jobbar no blant anna med å skrive musikk for Det Norske Kammerorkester med Ørjan Matre som konsulent/medkomponist.