Rock frå musikkterapi ⋆ Kontekst
PÅ SCENA: Bandet Gatens Evangelium er danna i kriminalomsorgen i Bergen. I kveld har dei første regulære spelejobb på Garage.
PÅ SCENA: Bandet Gatens Evangelium er danna i kriminalomsorgen i Bergen. I kveld har dei første regulære spelejobb på Garage. Foto: Pressefoto

Rock frå musikkterapi

Verdsnyheit i Bergen i kveld: To rockeband med røter i musikkterapi går på scena på legendariske Garage.

Banda Soul Party og Gatens Evangelium har splittkonsert på Garage i Bergen i kveld. Begge banda har bakgrunn i musikkterapitilbod. Og begge har første regulære spelejobb i kveld. På ein av landets mest legendariske rockeklubbar. Ikkje fritt for at dei er spente, fortel musikkterapeut Øystein Lydvo ved Bjørgvin Distriktspsykiatriske Senter (DPS).

– Vi har hatt musikkterapitilbod sidan 2000, og hatt band heile tida. Men dette er første gang vi er ute med eit band på vanleg spelejobb, sier Lydvo. Han speler sjølv i bandet Soul Party.

Med seg har dei Gatens Evangelium, som har sprunge ut av eit av musikkterapeut Lasse Tuastad sine musikkterapitilbod i kriminalomsorgen. Dei er begge booka av Garage på vanleg vis, og blei oppdaga av klubben ved eit konsertarrangement i regi av Helse Bergen.

– Og vi har hatt masse interne konsertar på DPS. Men det er noko ganske anna å spele på Garage, flirer Lydvo.

Samfunnsterapi

Lydvo understreker at dette ikkje er eit musikkterapiarrangement. Dette er draumen om den ordentlege spelejobben som blir sann.

– Konserten er eit samfunnsmusikkterapiarrangement, seier Lydvo. Heile tanken bak behandling i psykisk helsevern, og musikkterapi som del av den, er å føre folk tilbake til samfunnet, ikkje vekk frå det. Når banda speler på eksisterande scener og ikkje konstruerte spesialscener, er det akkurat slik det skal fungere.

Grenseland

Å føre eit musikkterapeutisk band ut på scena er nybrottsarbeid i Norge. Lydvo fortel at det oppstår mange paradoks og uventa spørsmål når eit slikt prosjekt går frå å vere reint terapeutisk til tilnærma vanleg band.

– Det dukkar opp spørsmål heile tida. Når er eg terapeut og når er eg ein i bandet? Er eg på jobb som terapeut når vi speler i kveld?, seier han.

Etterkvart som bandmedlemene blir betre og ikkje er i behandling ved DPS lenger, vil det kome endå fleire, seier Lydvo. Når rollene i det som starta som eit musikkterapitilbod blir meir utviska, kjem også spørsmåla om når (og om) terapeuten skal trekke seg ut og la bandet klare seg sjølv.

Lydvo seier at dette nok ikkje er siste gong vi ser eit band med røter i musikkterapien. Musikkterapi blir tilrådd i nasjonale retningslinjer for behandling, særleg for rus- og psykoseproblematikk. Lydvo ser for seg at det vil bli stadig fleire slike tilbod.

– No inntar musikkterapien rockscena, seier han. Og håpar konserten blir den første av mange der artistane har fått starthjelp av musikkterapeutar.

Musikkterapi

• Musikkterapi er ein profesjonell praksis. Det er krav til femårig utdanning på masternivå, ved Universitetet i Bergen eller ved Norges musikkhøgskole i Oslo.

• Brukerinvolvering og likeverdige relasjonar blir lagt vekt på i det terapeutiske samarbeidet, med vekt på å fremje meistring, håp og motivasjon for å delta, trass i innskrenkingane som psykiske lidingar og rus representerer.

• Musikkterapi er ein kunnskapsbasert praksis. Både brukarerfaringar og effektstudiar viser at musikkterapi er virksomt og meiningsfullt for menneske med psykiske lidingar og rusproblematikk.

• Helsedirektoratet tilrår musikkterapi i dei nasjonale faglege retningslinjene for psykose- og rusterapi. Effekten av musikkterapi ved depresjon er også godt dokumentert..

• Bjørgvin DPS, Helse Bergen, har brukt musikkterapi sidan år 2000.