
Gro Harlem Brundtland, Ap og musikken
Til landsmøtet sa partileiaren det i klartekst. Dei trong varme, engasjement og kulturell oppleving for å få menneska i partiet til å tenke og føle saman.
Då Arbeidarpartiet møtte 1980-åra, var det med Gro Harlem Brundtland som leiar. Thorbjørn Berntsen, som blei nestleiar 1989, fortel at dei la stor vekt på allsongen: «Gro var veldig glad i arbeidarsongar. Ho kunne jo eitt gitargrep meir enn Tryggve Aakervik!» kneggar han.
Det er ikkje songane i seg, men sjølve allsongen Harlem Brundtland meiner er viktig. Det er den som skaper samhald, seier ho i intervjuet til denne boka. Om å erstatte det med musikk som blir spelt og framført, seier ho: «Ein trur folk gjerne vil ha profesjonelle artistar, men sånn er det ikkje. Det trur ikkje eg. Det er dei enkle melodiane, som ein klarer å synge saman». Til landsmøtet sa partileiaren det i klartekst frå talarstolen. Dei trong varme, engasjement og kulturell oppleving for å få menneska i partiet til å tenke og føle saman.
Harlem Brundtland meiner også at allsongen var viktig for henne i leiarrolla. Det var samlande «når alle song våre eigne melodiar saman», seier ho. Debattane kunne gå hardt for seg, men når dei song, kjentest det som ho ikkje stod aleine, men hadde heile organisasjonen i ryggen. Røystene ho hadde bak seg, gav eit mandat som gjorde det lettare å kjempe for partiet i møte med partipolitiske motstandarar, seier ho.
Med fostring i Framfylkinga var Harlem Brundtland meir glad i tradisjonelle arbeidarsongar enn visene frå 1970-åra. Ein gong skulle Åse Kleveland leie an. Ho var ein av fleire profesjonelle musikarar som fann vegen inn i Ap, og song ofte opp til «Ola Tveiten» av Lillebjørn Nilsen. Det var ikkje noko Harlem Brundtland kjente att.
Ein etter ein kom dei syngande AUF-arane inn i partiposisjonar. Martin Kolberg var ein av dei, og han forsøkte å få partiet på musikalsk heimebane blant yngre folk. «Eg hadde litt motstand i meg mot for mye nyorientering», fortel Harlem Brundtland. Men Kolberg meinte ho burde dra på rockekonsert med Björn Afzelius for å syne at partiet støtta den nye musikken: «Og eg blei så begeistra! Eg meinte han var heilt fantastisk, og etterpå spilte eg Afzelius i bilen i mange, mange år.» Afzelius blei landsmøtesongar, saman med Åge Aleksandersen og Arja Saijonmaa. For Harlem Brundtland kjentest Aleksandersen som ei fortsetting av arbeidarsongane.
Likevel var det Aakervik og «Frihetens forpost» som utgjorde allsongen på femtiande året då landsmøtet i Ap opna i 1992. Men på dette landsmøtet overtok partisekretær Thorbjørn Jagland som leiar, og då møtet blei avslutta, var det med ein nyare song og ein ung forsongar. Allsongtradisjonen måtte bli halden ved like, meinte også Jagland. Men skulle dei klare det, måtte nye ting komme inn.
Musikksatsinga som skulle fornye partiet
Thorbjørn Jagland hadde vore partisekretær sidan 1986. For han var det veldig viktig å vitalisere songkulturen, som del av eit større ønske om å skape liv på grasrota. Allsongen var altfor ofte blitt ein rituell affære, og møta hadde ei formell form som ikkje var interessant for nye folk, meinte han.
I 1986 fekk Stein Ove Berg ansvaret for å lage eit nytt songhefte, der nesten berre nye viser kom med. Rimestad-songen «Vi rekker våre hender» var det mest tradisjonelle. Året etter fylte Ap 100 år og lyste ut songkon- kurranse. Heile 77 framlegg kom inn, og vinnarane var tre etablerte vise- songarar: Tove Karoline Knutsen, Egil Johannsson og Stig Nilsson. Frå konkurransen blei 18 nye låter lagt inn i songboka Syng i arbeid og fest. Det var denne som gjaldt, både i partiet og fagrørsla.
Sidan 1940-åra og gjennom heile storheitstida for Ap, hadde Syng i arbeid og fest kommi i ei tilsynelatande endelaus rekke av raude, rosa, turkise, brune, grøne og gule bøker med små variasjonar. I 1989 var det slutt på songboka der ingenting blei borte, og der nytt berre blei lagt til. I nytt format fekk boka langt færre songar. Frå internasjonal arbeidarrørsle var berre «Internasjonalen», «Avanti popolo» og «Ung flagsang att». Av alle kulturkrefter gjennom historia stod få namn tilbake: Ousland, Paasche Aasen, Rimestad og Holt. Dei yngste heitte Sandnes, Rønbeck og Berg.
Alt organisasjonsarbeid går ut på å vere nøye og detaljert – også når det gjeld fornying av musikken, tenkte Jagland. For eksempel var gode forson- garar ein nøkkelfaktor for å få ei forsamling til å synge. Frå AUF-satsinga var det mange krefter å spele på, som både lærte seg det nye og som kunne det eldste. Slik blei gamle arbeidarsongar haldne levande, som då Gryr i Norden av Carl Jeppesen lydde for siste gong på eit Ap-landsmøte i år 2000.
Til partikontoret blei Stig Nilsson rekruttert fordi Jagland ville ha ein informasjonsarbeidar som kunne både kommunikasjon og det kunstnariske. Nilsson kom utanfrå og inn i ein partikultur der han opplevde at song og musikk var heilt essensielt. I denne kulturen var det heilt naturleg for leiinga å opptre sjølv. Kvinnerørsla kunne lage kulturprogram med eigne politikarar. Då statsråd Grete Knudsen tok jobben som forsongar, blei det framsongar på Ap-landsmøtet. Ho hadde i årevis kombinert rollene som stortingspolitikar og framlagsleiar.
I 1992 bestemte regjeringa seg for å lage ein kabaret for landsmøtet. Det var ikkje tenkt som eit veljarfrieri, men som eit bidrag til landsmøtefesten, fortel Sigbjørn Johnsen i 2025. Men det var nok mange som fekk seg ei overrasking under TV-sendingane det året. Der opptredde heile regjeringa, for full musikk. Dei song, alle som ein, og meir ektefølt kunne ikkje bodskapet frå Ap nå ut til folket, via Ellinors vise.
Men lokalt varierte evna til musikalsk vitalisering. Det stod og fall på om laget hadde krefter som stilte opp og gav av seg sjølv, såg Jagland. Derfor valde dei å bruke sjølve landsmøtet, der salen blei forklart at dei skulle lære nye songar, som «Hun har nok til alle» og «Bit for bit» av bluesdronning Kristin Berglund. Først framførte ho songane sjølv. Så øvde salen på dei same. Det var ikkje så lett å få landsmøtet med på notane, og ikkje alt var like suksessfullt. Men ikkje alle songar blir nye allsongar, tenkte Jagland. Ein må synge mykje for at dei skal sette seg. Det gjorde for eksempel aldri den aller siste songen som blei lagt til i den 50 år lange rekka av små arbeidarsonghefte med tittelen Vi synger i arbeid og fest – Morragry av Stig Nilsson.
- Dette er et utdrag fra boken Arbeidarsong av Anne Marit Godal, utgitt på Res Publica.