
«Ei analyse som i liten grad fangar opp det breie kulturfeltet»
Tilsvar til Nanna Løkka og Bård Kleppe frå Telemarksforsking.
I Kontekst 21.12.2025 skriv Nanna Løkka og Bård Kleppe frå Telemarksforsking at det ikkje er krise i kultursektoren, bortsett frå i kommunane. Problemet er berre at essayet byggjer på ein uklar og snever forståing av kva kulturfeltet faktisk er, og kva delar av feltet som i dag ber den største belastninga.
Løkka og Kleppe definerer ikkje kulturfeltet eksplisitt. I staden hoppar essayet lett mellom kunstnarstipend, billettprisar, Nationaltheatret, utdanningsplassar, sparebankstiftingar og «den lokale kulturen». Resultatet er ei analyse som i liten grad fangar opp det breie kulturfeltet. Det som ligg mellom institusjonane og marknaden, og som i stor grad er bygd på frivillig innsats og lokal infrastruktur.
Eg vil difor ta utgangspunkt i eit breitt kulturomgrep: kunst og kulturproduksjon, frivilligheit, folkelege tradisjonar, deltaking og lokal forankring. Dette inkluderer både det profesjonelle kunstlivet og dei arenaene der kultur faktisk skjer i kvardagen. Ser vi kulturfeltet frå dette perspektivet, er det vanskeleg å konkludere med at alt står bra til.
Kulturhusa, grunnmuren som ikkje tel
Kartlegginga i regi av Huset i Bygda viser at Noreg har nær 5 500 organisasjonseigde kulturhus, der majoriteten er reist mellom 1870 og 1960-talet (jf. husdatabasen til Huset i Bygda). Dei er møteplassar, øvingsrom, scenar, festlokale og berarar av lokal historie og identitet. Dei er arenaer for både profesjonell og frivillig kulturaktivitet, og er heilt avgjerande for det lokale kulturlivet.
Behova for gode kulturarenaer er dokumentert av både Norsk kulturforum (Noku), Huset i Bygda og Kulturalliansen (Kulturforum 2011; Knagenhjelm og Søderstrøm 2025; Kulturalliansen 2025). Dette kjem òg fram i Telemarkforsking si eiga rapport «er det rom for kultur i norske kommuner?» Denne rapporten viser elles at kulturleiarar slit med å auke forståinga blant lokalpolitikarar når det gjeld kulturen sitt behov for egna lokale (Persdatter Miland 2022).
Dette er ein bygningsmasse som i hovudsak vert halden i drift av frivillige lag, med stor eigeninnsats og minimale offentlege tilskot. Det finst inga samla oversikt over kor mange idrettsanlegg som er bygde dei siste 25 åra, men tal frå Anleggsregisteret og idretten si eiga rapportering tyder på at det i denne perioden er bygd over 20 000 idrettsanlegg i Noreg (anleggsregisteret.no og godeidrettsanlegg.no). I same tidsrom er det truleg bygd færre enn 200 nye kulturhus i frivillig eige (jf. husdatabasen til Huset i bygda). Det seier noko om kva slags infrastruktur staten faktisk prioriterer.
Om vi meiner alvor med berekraft, burde dette vere eit varsko. Det mest berekraftige bygget er ikkje det som blir nybygd, men det som blir teke vare på (sjå t.d. Selamawit Mamo Fufa, Cecilie Flyen og Christoffer Venås 2020). Huset i Bygda har tidlegare, med anslag basert på lokal rapportering og søknadar om bygningsmidlar frå Sogn og Fjordane, estimert vedlikehaldsetterslepet til minst 2,3 milliardar for organisasjonseigde kulturhus. Samstundes er støtteordningane små, ujamne og lite føreseielege.
Ei systematisk skeivfordeling
Her handlar det ikkje om å setje idretten opp mot kulturlivet, men om å synleggjere kor ulikt dei vert handsama politisk. I 2025 vart det løyvd om lag 2,5 milliardar kroner til idrettsanlegg gjennom spelemidlar og momskompensasjon (jf. https://tilskudd.lottstift.no), mens det til samanlikning vart løyvd 89,5 millionar kroner til kulturbygg.
Som kultur- og likestillingsministeren sjølv opplyser i eit skriftleg svar til Åslaug Sem-Jacobsen våren 2025, gjekk under 14 millionar kroner av desse midlane i 2023 til frivillig eigde bygg. Det inneber at idretten får nær 200 gonger meir i statleg støtte enn dei organisasjonseigde kulturhusa.
Samstundes er behovet for investeringar i teknisk utstyr stort: I 2024 fekk Kulturrom 753 søknader med ein samla søknadssum på om lag 400 millionar kroner, medan berre 65,7 millionar kroner var tilgjengelege (jf. årsmeldinga til Kulturrom for 2024).
Når Løkka og Kleppe skriv om 65% auke i statleg budsjett til kulturformål sidan 2005, er dette òg eit resultat av statleg målsetting om at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturformål. I 2025 er vi på om lag 0,83% (jf. Kulturdirektoratet). Auka dei viser til er med andre ord ikkje så imponerande som ein skulle tru.
Og kvifor skal vi heile tida drive med kulturell sjølvpisking når det gjeld investering i kulturbygg, enten det er i Osloområdet eller i kommune-Noreg? Først og fremst viser dette behovet for gode og attraktive kulturarenaer. Vi bygger nasjonale og regionale idrettsanlegg for at dei skal fylle viktige idrettsfunksjonar. Er ikkje dette vi òg ønskjer for kulturlivet?

Nationaltheatret er heller ikkje eit godt døme på at kulturen ikkje er nedprioritert. Å samanlikne eit freda teaterbygg, der behova for oppgradering har vore kjent sidan midten av 1980-talet, med operahus, nasjonalmuseum og Vikingskipsmuseet, gjev like lite meining som å samanlikne Ullevål stadion med Holmenkollen skianlegg. Dette er kulturinstitusjonar med heilt ulike funksjonar.
Dette handlar ikkje om at idretten får for mykje, men om at kulturfrivilligheita får altfor lite. Systemet byggjer på ei føresetnad om at idrett er samfunnskritisk infrastruktur, medan kultur vert behandla som noko sekundært. Dette er ein problemstilling eg vil utfordre Løkka og Kleppe på å svare på.
Frivillig innsats i milliardklassen
Paradokset er at desse husa leverer på dei måla nasjonal kulturpolitikk seier vi skal nå. Ifølgje kartlegging av Huset i Bygda la eigarane i 2024 i snitt ned 390 dugnadstimar per hus, tilsvarande ein samla innsats verdsett til nærare 700 millionar kroner. Samstundes er over 10 millionar menneske årleg innom desse husa som publikum, deltakarar, utøvarar eller frivillige. Dette gjer dei organisasjonseigde kulturhusa til berebjelkane i det lokale kulturlivet i Noreg (jf. spørjeundersøking blant organisasjonseigde kulturhus, 2025).
Kommunekrisa er ikkje heile forklaringa
Løkka og Kleppe peikar på kommunane som flaskehals. Det er rett at mange kommunar står i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Men dette kan ikkje brukast som forklaring, eller unnskyldning, for ein nasjonal politikk som i utgangspunktet har gjort kulturfrivilligheita sårbar.
Allereie før kommunekrisa var dei kommunale kulturbudsjetta små. Ei kartlegging eg gjorde i Sogn og Fjordane i 2019 viste at den samla økonomiske støtta for alle kommunane til lag og organisasjonar utgjorde under seks millionar kroner, eller 0,06 prosent av dei samla kommunale driftsutgiftene. Når budsjetta er så marginale, slår kutt ekstra hardt.
Sparebankstiftingar har ein viktig rolle i både ivaretaking og utvikling av det lokale kulturlivet. Dei er òg eit viktig supplement til kommunale og statleg finansieringsordningar, men dei kan, og skal ikkje erstatte offentleg ansvar. Når kommunal støtte går ned og private midlar går opp, er det ikkje eit teikn på styrke, men på at det offentlege trekk seg tilbake.
Ein blind flekk i kulturpolitikken
Når ein ser på den faktiske infrastrukturen for deltaking, fell påstanden om at kulturen ikkje er nedprioritert. Kulturhusa, den usynlege halvdelen av frivilligheita, fell mellom alle stolar: for små for staten, for vanskelege å handtere for kommunane, og for viktige til å overlatast til dugnad åleine.
Dette er ikkje ein sektor i krise på grunn av manglande vilje lokalt. Det er eit felt som er systematisk undervurdert nasjonalt. Skal vi ta kultur, berekraft og lokaldemokrati på alvor, må kulturbygg behandlast som det dei er, samfunnsinfrastruktur som er avgjerande for å sikre levande kulturliv og levande lokalsamfunn med gode oppvekstvilkår. I dette perspektivet er utvilsamt kulturen nedprioritert i Noreg.
Kjelder (utval):
Husdatabasen til huset i bygda med statistikk over organisasjonseigde hus, https://www.husetibygda.no/
Knagenhjelm, Christoffer og Ida Søderstrøm 2025: Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur, Noregs Ungdomslag, 2025, https://www.ungdomslag.no/fagfelt/ungdomshus
Kulturalliansen 2025: Kulturarenaer i Norge: Samlerapport (2017-2025), https://www.kulturalliansen.no/kartlegging-og-forskning/tag/Tilstandsrapport
Kulturforum: Kulturarenaer – mer enn kulturhus (pdf). Høyringsinnspel Kulturpolitisk utredningsutvalg, 14.11.2011
Kulturrom 2025: Årsrapport 2024, https://kulturrom.no/om-oss/arsmeldinger/
Persdatter Miland, Kristine 2022: Er det rom for kultur i norske kommuner? TF-notat nr. 8/2022, Telemarksforsking
Selamawit Mamo Fufa, Cecilie Flyen og Christoffer Venås 2020: Grønt er ikke bare en farge: Bærekraftige bygninger, SINTEF Fag 68, 2020
Skriftleg spørsmål fra Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) til kultur- og likestillingsministeren Lubna Boby Jaffery, svart ut 14.03.2025.
Tilskotsordninga for anlegg for idrett og fysisk aktivitet, https://tilskudd.lottstift.no/ordning/DT-0119/2025/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet