
Og vinnaren er…
..ikkje, som kulturministeren uttalar, heile landet, men meir kulturpengar til dei største byane, medan distrikta igjen blir ståande att utanfor.
• Kommentarer og kronikker uttrykker skribentens meninger.
Heller ikkje mangfaldet i sjangrar er ivaretatt i årets budsjett, med ein sterk overvekt av friske midlar til nokon få. For ikkje å gløyme det enormt store frie feltet som må sigle i den same, vesle båten dei har sigla i, utan hjelp frå staten Noreg til å byggje seg robuste for framtida.
By og land hand i hand
Det høyrest fint ut når slagorda kjem, men dei blir fort hule når dei ikkje følgjast opp av konkret politikk. Eg har lenge etterlyst ein klar strategi for regional kulturpolitikk, då denne ikkje finns, om ein ikkje reknar regionale kulturfond som svaret.
Det nasjonale ansvaret i å sikre berekraftige strukturar i heile landet ligg hos regjeringa med kulturministeren i front. Når dei regionale kulturfonda no i tillegg blir kutta kraftig, viser det at dette nettopp ikkje var ein langsiktig strategi, men eit tiltak som kan justerast når det passar seg. Og sjølv før kutta, har eg meint at kulturfonda åleine aldri vil kunne svare på det regionale behovet, då institusjonstettleiken er mager utanfor dei store byane. I budsjettet står det:
«Den landsdekkende strukturen av institusjoner bidrar til tilgang til kunst og kultur, kunst- og kulturar-beidsplasser og gode levekår over hele landet.»
Med eit budsjett som slett ikkje legg til rette for eit levande musikkliv i heile landet er denne påstanden misvisande, om ikkje direkte feil. Den økonomiske fordelinga sikrar ikkje eit robust og framtidsretta musikkliv i distrikta, og særleg gjeld dette for det profesjonelle feltet.
Innlandet
Innlandet er eit fylke større enn Danmark, med mange små bygder, tettstader og småbyar. Det er store avstandar, stor variasjon, ein komplisert demografi og eit rikt musikkliv innan alle sjangrar og tradisjonar.
Innan musikk og scenekunstfeltet får Innlandet i årets budsjett den nette sum av 0% i friske midlar av dei 28,8 millionane som er foreslått som ekstra løyving til musikk og scenekunst institusjonar.
Dette skjer trass i at Musikk i Innlandet er eit konkret, regionalt løft: Fylkeskommunen satsar om lag 10 millionar kroner årleg på musikarar og komponistar gjennom denne institusjonen. Ein modig satsing, for å styrke det profesjonelle musikklivet, og bygge gode samfunn og kulturell beredskap i regionen.
Slik kan det gjerast – om staten vil
I budsjettet omtalast scenekunstinstitusjonar mellom anna slik:
«Institusjonene er også viktige samarbeidspartnere for kunstnere fra det ikke-institusjonelle feltet. Særlig på scenekunstfeltet har det over år vært en økende grad av samarbeid mellom institusjonene og den prosjektbaserte delen av feltet. Det bidrar til bedre ressursutnyttelse, og også til at det totale tilbudet av scenekunst av høy kunstnerisk kvalitet når ut til et bredere publikum over hele Norge. Institusjonene er viktige bidragsytere for at folk over hele landet får tilgang til kunst og kultur.»
Musikk i Innlandet er svaret på korleis eit slikt samarbeid mellom institusjonar og musikarar frå det ikkje-institusjonelle feltet kan fungere også på musikkfeltet. Dette er ein institusjon som jobbar saman med det frie musikkfeltet for utvikling av kunstnariske prosjekt med påfølgande turnear i heile Innlandet fylke. Institusjonen er utan fast tilsette musikarar og utan ein fast scene, den er fleksibel og har eit vidt mandat som omfattar alle musikksjangrar og tradisjonar. Gjennom eit tett samarbeid med lokale arrangørar bidreg Musikk i Innlandet til at alle, uavhengig av kvar dei bur kan får oppleve profesjonell kunst i sitt nærmiljø og samtidig styrkje kunstnarøkonomien i distrikta.
I forslaget til statsbudsjett manglar det ein tydeleg regional kulturpolitikk og utviklinga av nye modellar for musikkfeltet resignerer. Dei forslag til løysningar som er forsøkt formidla er sett bort frå og taparane vert då musikarar og publikum som har busett seg utanfor dei store byane våre.