Ledig stilling
Undervisningsinspektør
Kvinnherad kommune
Kvinnherad kulturskule søkjer undervisningsinspektør, 40% stilling, fast med arbeidsplass på kulturskulesenteret, Husnes., frå 01.08.2025.
Stillinga kan kombinerast med ei undervisningsstilling i kulturskulen, viss ein ønskjer ei større stillinga i kulturskulen og har nødvendige pedagogiske kompetansar i dei faga der kulturskulen har behov for lærarkompetanse. Alle evt. pedagogiske kompetansar/ ferdigheiter i andre fag bør derfor nemnast i søknaden, viss dette er aktuelt.
Fullstendig stillingsannonse finn ein her: https://kvinnherad.easycruit.com/vacancy/3475903/226089?iso=nn
Søknadsfrist: 24.03.25.
Kontakt: Kirill Zimin (rektor): mob. 45665892;
e-post: kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no
Praktisk info om arbeidsgivar
Kvinnherad kulturskule har rundt 370 elevplassar og 9 årsverk fordelt på 12 tilsette. Kvinnherad kulturskule har i dag tilbod om undervisning i dans, musikk, teater og visuelle kunstfag. I tillegg kjem sal av tenester til kor, korps og institusjonar. Kulturskulen er desentralisert med hovudbase i nytt kulturskulesenter på Husnes. Kulturskule sine lokala er ein del av Kvinnherad kultursenter og er samlokalisert med kulturhus, kino, ungdomssenter og bibliotek.
I 2026 feriar Kvinnherad kulturskule 50 års jubileum.
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kvinnherad vart i 2015 kåra til årets kulturskulekommune.